tirsdag 1. juni 2010

Musikk, ja…
Det er på eit vis eit spegelbilde av ein sjølv. Den enkelte identifiserer seg med musikken ein lyttar til, og kjenner ei tilhøyrsle til andre som likar det same. Dette høyres flott ut. …riktig dypt. Men eg kjenner plutseleg at eg mistar fotfestet idet identiteten min segnar om og blir rykka vekk under meg. Om eg skal spegle meg i musikk, ville eg bli ganske uttrykkslaus, trur eg…

Eg lyttar sjeldan til musikk berre for lytte. I kvardagen er det koseleg med musikk i bakgrunnen, men korleis sjangrar eller artistar er ikkje så viktig for meg. Språket er heller ikkje så viktig, så lenge innhaldet av det er godt. For meg betyr musikk noko ganske anna enn kva det gjer for mange andre på min alder, kan hende. Når eg først skal lytte, er det avgjerande at musikken gir meg noko. Det som songane formidlar må harmonere med hjartet mitt. Dei må være eit uttrykk for kjenslene mine.





Nett no har du høyrt bandet Radiate frå Bergen med låta Tune of His Glory. Du er på MadamPoesi, og klokka er til høgre nede på skjermen din. Lytt med meg. Dette er UngFila med All Because of You.





Dei to songane har den same bodskapen, men dei har veldig ulik melodi, synest du ikkje? Ein kan lett dra slutninga at teksten betyr mest for meg, men ikkje forhast deg no. Når eg trenar til radio eller gjer husarbeid til musikk, er det heller viktig at melodiane er fengande. Det same gjeldar filmmusikk. Hovudoppgåva til slike songar er å vere stemningsskapar.

Kom i ”dansemood” med Ambitiones av DonkeyBoy, eller føl på stemninga i den sterke filmmusikken frå Så Som i Himmelen.




Gabriellas song



Hmm… Etter ein kjapp analyse av meg sjølv trur eg det blir tydeleg at det som betyr mest for meg er at musikken formidlar noko; det vere seg ein bodskap eller ei stemning. Det er uvesentleg korleis språk eller sjangrar som nyttast. For meg er musikk kunst som uttrykkjar meir enn berre ord og tonar.
...musikken blottlegg eit hjarte.